Fylkeskulturutvalet med gledeleg nyheit

DSC_0881

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fekk synfaring i Gamlegymnaset i går, og utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter kunne orientere om vedtak i utvalet om å løyve kr. 140.000, – i tilskot til prosjekt istandsetting av vindauge i Gamlegymnaset.  Dei fylkeskommunale tilskota går til kulturminne og kulturmiljø med høg verdi. Styret for stiftinga for Gamlegymnaset tenkjer dette er ei flott anerkjenning av arbeidet vårt!

Del gjerne på sosiale medier.