Majorstuen til Volda!

Det prislønte folkemusikkensemblet Majorstuen fyller Gamlegymnaset i Volda med musikk igjen! Eit yrande musikalsk liv gav namnet Maurtua til gamlegymnaset i Volda på åttitalet. Her øvde mellom anna Simone Larsen og Bokke-Reidars, og Maurtua-festivalen oppstod i denne gullalderen. No har det vore stilt lenge, men 5. april blir det igjen musikk i veggane! 

«Det er veldig gledeleg at eit profesjonelt ensemble som Majorstuen velger seg Gamlegymnaset som konsertlokale» seier ein begeistra Svein Arnesen, styremedlem i stiftinga Gamlegymnaset. «Det kan bli rift om billettane her, og det er duka for ei eksklusiv oppleving»

Foto Marius Beck Dahle

Foto Marius Beck Dahle

Det er i høve lansering av bandet sitt sjuande album at bandet Majorstuen er på turné. Tilknytinga til Volda har dei gjennom innflytta volding Jorun Marie Kvernberg, som har vore spelande medlem i bandet sidan starten i 2000. For i 18 år har dei leikt saman med felene sine, sidan dei var folkemusikkstudentar på Norges Musikkhøgskole i Oslo. I 2003 platedebuterte dei, og sanka like godt inn ein Spellemannpris det første dei gjorde. Sidan har dei erobra scener og publikum i inn- og utland. Nærare 300 konsertar i 20 land kan dei sjå tilbake på. Nytenking for folkemusikken, speleglede og ei særeiga formidlingsevne er karakteristikkar som skildrar Majorstuen godt.
Til Gamlegymnaset kjem dei med sitt nyaste album og si nyaste forestilling «Skrible», kor dei hentar inspirasjon i litteratur, høg som låg, ung som gamal. Her blir Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler nevnt i ei og same setning. Og ikkje minst tek dei også for seg to Ørsta-forfattarar: søskena Gunnhild og Olav Øyehaug.
I SKRIBLE tek Majorstuen deg med på ein litterær blåtur med spanande musikalske stoppestader! Volda Mållag og Gudrun Kløve Juuhl vil stå for ein skjerpande litterær kviss i forkant av konserten.