Kunstutstilling og minikonsert i desember

DU FINN MEG PÅ KANTEN – KUNSTUTSTILLING – GAMLEGYMNASET I VOLDA
FOTO: SVEIN OLAV HUMBERSET – POESI: FANNY HOLMIN
OPNING LAURDAG 1. DESEMBER
MINIKONSERT 29. DESEMBER

Dei tre første helgane i desember kan du besøke Gamlegymnaset i Volda og sjå resultatet av det fyrste samarbeidet til fotokunstnar Svein Olav Humberset og poet Fanny Holmin. På avslutningsdagen i romjula vert det ein minikonsert med jazzmusikar Mari Kvien Brunvoll.

Utstillinga har tittelen «Du finn meg på kanten». Det er ein foto- og tekstserie med minimalistiske naturlandskap og poetiske tekster. Felles innfallsvinkel for arbeidet er tid. Fotografia er teke med analogt kamera, og lang lukkartid. Det gir djupne og detaljar i bildet. Tekstene gir både ei personleg tolking av fotografia, samtidig som dei skapar nye bilde som den som ser og les vil lage sine tolkingar av.
Utstillingsopninga er laurdag 1. desember. Det er ei salsutstilling, med høve til å kjøpe gåvekort, der mottakaren sjølv får velje motiv.
Siste opningsdagen, den 29. desember i romjula, kan publikum vere så heldige å høyre ein minikonsert basert på ei tolking av utstillinga. Jazzmusikar Mari Kvien Brunvoll vil halde ein improvisert, akustisk konsert i utstillingslokalet.

Kunstnarane er svært glade for arenaen dei presenterer arbeidet i. Å planlegge ei utstilling i lokala til Gamlegymnaset som etter år med stillstand, no vaknar til liv igjen, er like naturleg som å så nokre frø i varm, nystelt mold. Utstillingsrommet ligg i 2. etasje, og ein i ynskjer alle velkomne til å ta turen innom. Ta gjerne med barn til ustillingsrommet. Det vil vere sitjegrupper og ein liten leikekrok for dei minste i naborommet.
Utstillinga er produsert med støtte frå Norsk Forfattersentrums Medlemsfond. Holmin takkar også kulturavdelinga i Bergen kommune, for tidlegare midlar til å gjennomføre arbeidsopphald i Berlin, som eit forprosjekt. Vi er takksame om gjestar som kjem med bil parkerer på Idrettsplassen.

Julemarknad 24.-25. november 2018

Hjarteleg velkomen til førjulshandel i stemningsfulle omgjevnader!

Klokka 12.00-16.00 laurdag og søndag.
Kafé og loddsal til inntekt for Gamlegymnaset.

UTSTILLARAR:
Ivar Aasen-tunet, Annlaug Stokke, Arne Ola Grimstad, Astri Hunnes,Bente Søvik, Caroline Bentzen,Dagsenter for eldre, Elin Grethe Haddal, Herdis Rotevatn, Inger Karin Starheim, John Olav Torkildsen, Laila Morken, Lena Grevsnes, Marianne og Ingvild Kalvatn, Mathis Nango, Nina Måseidvåg, Per Erling Parr Sætre, Sunniva Utnes, Svein Snipsøyr, Wenche Haddal

Parkering på Idrettsplassen ved Volda vidaregåande skule

Arrangør: Venegruppa for Gamlegymnaset i Volda