Julemarknad 2019

Laurdag 23. og søndag 24. november kl. 12-16 begge dagar

På marknaden kan du mellom anna få kjøpt desse varene:
Glasblåsarkunst, vevnader, saueskinn og skinnvarer, spekemat (berre laurdag), røykt laks, saft og syltetøy, eple og pærer, flatbrød, bøker, smykke, kransar, englar, filleryer, artige skruar, skosmurning, tova kle, huer og panneband, maleri, dekorative øskjer med sjokolade, honning og krem, nupereller, knivar, antikvitetar og retro.

Påmelde deltakarar er:
Alfhild Standal, Astri Hunnes, Dagsenter for eldre, Elin Grethe Haddal, Hans Klokk, Inga Helle Ryste, Ingeborg Kristvik, Inger Karin Starheim, Ivar Mork, Ivar Aasen-tunet, John Olav Vågen Torkildsen, Jorunn Austnes Nes, Juv, Laila Kvalsund Solhaug, Laila Morken, Lena Grevsnes, Mailèn Tørlen, Nina Måseidvåg, Per Erling Parr Sætre, Signe Bakke Egset, Sissel Midtlid, Sunniva Utnes, Svein Snipsøyr.

60års jubilantar 2019



Bak frå venstre:
Trygve Lindbak,Haldis Festøy Hellebust, Astrid Kalsnes Dalen, Norleif Vik,  Kjell Hove, Magnar Fagerli, Ingunn Rusten Øye.
Framme frå venstre:
Mette Dahl, Solveig Longva Krogsæter, Astrid Langlo, Kjetil Natvik, Elin Rønnerstad og Hans Brubakk som gikk på engelsklina som jentene på biletet.
Dei andre gutane gikk å reallina.   Raudrusskullet i 1959 var elles på over 50, og dei fleste  var på Russetur med buss til København det året.

Russerop i 1959:
Raudrunn -raudruss 59-
Russ med fart og spirit i.
Raudruss – raudruss av i år.
Russ med fart og fenalår.



Dugnaden i juni 2019

Det var bra frammøte til dugnaden 19. og 20.juni. Konteinaren vart full første dagen. Mykje kom frå kjellaren som vi fekk tømt for rot og skrot. Det vart jobba med hagen og rekkverket vart mala. Andre dagen gjekk med til å vaske og rydde inne. Her er nokre av dei som var med første dagen. Godt jobba til alle.

Majorstuen til Volda!

Det prislønte folkemusikkensemblet Majorstuen fyller Gamlegymnaset i Volda med musikk igjen! Eit yrande musikalsk liv gav namnet Maurtua til gamlegymnaset i Volda på åttitalet. Her øvde mellom anna Simone Larsen og Bokke-Reidars, og Maurtua-festivalen oppstod i denne gullalderen. No har det vore stilt lenge, men 5. april blir det igjen musikk i veggane! 

«Det er veldig gledeleg at eit profesjonelt ensemble som Majorstuen velger seg Gamlegymnaset som konsertlokale» seier ein begeistra Svein Arnesen, styremedlem i stiftinga Gamlegymnaset. «Det kan bli rift om billettane her, og det er duka for ei eksklusiv oppleving»

Foto Marius Beck Dahle

Foto Marius Beck Dahle

Det er i høve lansering av bandet sitt sjuande album at bandet Majorstuen er på turné. Tilknytinga til Volda har dei gjennom innflytta volding Jorun Marie Kvernberg, som har vore spelande medlem i bandet sidan starten i 2000. For i 18 år har dei leikt saman med felene sine, sidan dei var folkemusikkstudentar på Norges Musikkhøgskole i Oslo. I 2003 platedebuterte dei, og sanka like godt inn ein Spellemannpris det første dei gjorde. Sidan har dei erobra scener og publikum i inn- og utland. Nærare 300 konsertar i 20 land kan dei sjå tilbake på. Nytenking for folkemusikken, speleglede og ei særeiga formidlingsevne er karakteristikkar som skildrar Majorstuen godt.
Til Gamlegymnaset kjem dei med sitt nyaste album og si nyaste forestilling «Skrible», kor dei hentar inspirasjon i litteratur, høg som låg, ung som gamal. Her blir Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler nevnt i ei og same setning. Og ikkje minst tek dei også for seg to Ørsta-forfattarar: søskena Gunnhild og Olav Øyehaug.
I SKRIBLE tek Majorstuen deg med på ein litterær blåtur med spanande musikalske stoppestader! Volda Mållag og Gudrun Kløve Juuhl vil stå for ein skjerpande litterær kviss i forkant av konserten.