JULEHELSING MED ÅRSKAVALKADE 2018

TAKK FOR SAMARBEIDET I 2018

2018 vart året bygningen fekk tilbake glansen frå fortida. Huset er på ny i dagleg bruk som arbeidsplass for tilsette i Sunnmøre museum, og som stad for kulturelt arbeid og påfyll i ulike format. Styret for stiftinga Gamlegymnaset vil særskild takke deg som har bidrege på dugnad, under julemarknaden, og i dei ulike arrangementa. I år vart overskotet frå julemarknaden rekordstort med kr. 48.000,-. Om du ønskjer å engasjere deg i arbeidet med Gamlegymnaset er du hjarteleg velkomen. Gamlegymnaset er til for alle i Volda, og utelukkande eigd og drive på dugnadsbasis.
Takk til samarbeidspartnarar og støttespelarar i år: Byggtrad ved Kåre Løvoll, Kulturminnefondet, Volda kommune, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Møre og Romsdal fylkeskommune ved kulturvernkontoret, Høgskulen i Volda, Sunnmøre museum og Ivar Aasen-tunet. Vi ser fram til vidare samarbeid!

Med glimt frå aktivitet i 2018 ønskjer vi alle ei fredfylt jul og eit godt nytt år:

Kunstutstilling og minikonsert i desember

DU FINN MEG PÅ KANTEN – KUNSTUTSTILLING – GAMLEGYMNASET I VOLDA
FOTO: SVEIN OLAV HUMBERSET – POESI: FANNY HOLMIN
OPNING LAURDAG 1. DESEMBER
MINIKONSERT 29. DESEMBER
klokka 14.00.
OPNINGSTIDER I ROMJULA: 28. OG 29. DESEMBER KL. 13.00-15.00

Dei tre første helgane i desember kan du besøke Gamlegymnaset i Volda og sjå resultatet av det fyrste samarbeidet til fotokunstnar Svein Olav Humberset og poet Fanny Holmin. På avslutningsdagen i romjula vert det ein minikonsert med jazzmusikar Mari Kvien Brunvoll.

Utstillinga har tittelen «Du finn meg på kanten». Det er ein foto- og tekstserie med minimalistiske naturlandskap og poetiske tekster. Felles innfallsvinkel for arbeidet er tid. Fotografia er teke med analogt kamera, og lang lukkartid. Det gir djupne og detaljar i bildet. Tekstene gir både ei personleg tolking av fotografia, samtidig som dei skapar nye bilde som den som ser og les vil lage sine tolkingar av.
Utstillingsopninga er laurdag 1. desember. Det er ei salsutstilling, med høve til å kjøpe gåvekort, der mottakaren sjølv får velje motiv.
Siste opningsdagen, den 29. desember i romjula, kan publikum vere så heldige å høyre ein minikonsert basert på ei tolking av utstillinga. Jazzmusikar Mari Kvien Brunvoll vil halde ein improvisert, akustisk konsert i utstillingslokalet.

Kunstnarane er svært glade for arenaen dei presenterer arbeidet i. Å planlegge ei utstilling i lokala til Gamlegymnaset som etter år med stillstand, no vaknar til liv igjen, er like naturleg som å så nokre frø i varm, nystelt mold. Utstillingsrommet ligg i 2. etasje, og ein i ynskjer alle velkomne til å ta turen innom. Ta gjerne med barn til ustillingsrommet. Det vil vere sitjegrupper og ein liten leikekrok for dei minste i naborommet.
Utstillinga er produsert med støtte frå Norsk Forfattersentrums Medlemsfond. Holmin takkar også kulturavdelinga i Bergen kommune, for tidlegare midlar til å gjennomføre arbeidsopphald i Berlin, som eit forprosjekt. Vi er takksame om gjestar som kjem med bil parkerer på Idrettsplassen.

Julemarknad 24.-25. november 2018

Hjarteleg velkomen til førjulshandel i stemningsfulle omgjevnader!

Klokka 12.00-16.00 laurdag og søndag.
Kafé og loddsal til inntekt for Gamlegymnaset.

UTSTILLARAR:
Ivar Aasen-tunet, Annlaug Stokke, Arne Ola Grimstad, Astri Hunnes,Bente Søvik, Caroline Bentzen,Dagsenter for eldre, Elin Grethe Haddal, Herdis Rotevatn, Inger Karin Starheim, John Olav Torkildsen, Laila Morken, Lena Grevsnes, Marianne og Ingvild Kalvatn, Mathis Nango, Nina Måseidvåg, Per Erling Parr Sætre, Sunniva Utnes, Svein Snipsøyr, Wenche Haddal

Parkering på Idrettsplassen ved Volda vidaregåande skule

Arrangør: Venegruppa for Gamlegymnaset i Volda

Majorstuen til Volda!

Det prislønte folkemusikkensemblet Majorstuen fyller Gamlegymnaset i Volda med musikk igjen! Eit yrande musikalsk liv gav namnet Maurtua til gamlegymnaset i Volda på åttitalet. Her øvde mellom anna Simone Larsen og Bokke-Reidars, og Maurtua-festivalen oppstod i denne gullalderen. No har det vore stilt lenge, men 5. april blir det igjen musikk i veggane! 

«Det er veldig gledeleg at eit profesjonelt ensemble som Majorstuen velger seg Gamlegymnaset som konsertlokale» seier ein begeistra Svein Arnesen, styremedlem i stiftinga Gamlegymnaset. «Det kan bli rift om billettane her, og det er duka for ei eksklusiv oppleving»

Foto Marius Beck Dahle

Foto Marius Beck Dahle

Det er i høve lansering av bandet sitt sjuande album at bandet Majorstuen er på turné. Tilknytinga til Volda har dei gjennom innflytta volding Jorun Marie Kvernberg, som har vore spelande medlem i bandet sidan starten i 2000. For i 18 år har dei leikt saman med felene sine, sidan dei var folkemusikkstudentar på Norges Musikkhøgskole i Oslo. I 2003 platedebuterte dei, og sanka like godt inn ein Spellemannpris det første dei gjorde. Sidan har dei erobra scener og publikum i inn- og utland. Nærare 300 konsertar i 20 land kan dei sjå tilbake på. Nytenking for folkemusikken, speleglede og ei særeiga formidlingsevne er karakteristikkar som skildrar Majorstuen godt.
Til Gamlegymnaset kjem dei med sitt nyaste album og si nyaste forestilling «Skrible», kor dei hentar inspirasjon i litteratur, høg som låg, ung som gamal. Her blir Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler nevnt i ei og same setning. Og ikkje minst tek dei også for seg to Ørsta-forfattarar: søskena Gunnhild og Olav Øyehaug.
I SKRIBLE tek Majorstuen deg med på ein litterær blåtur med spanande musikalske stoppestader! Volda Mållag og Gudrun Kløve Juuhl vil stå for ein skjerpande litterær kviss i forkant av konserten. 

Julemarknaden 2017 stor suksess

Takka vere stor dugnadsinnsats i venegruppa, dyktige utstillarar og godt frammøte, kan vi vere svært nøgde med årets arrangement. Venegruppa fekk inn kr. 43.000,- til vidare arbeid med Gamlegymnaset. Tusen takk til alle som bidrog!

Velkomen til julemarknad 25. og 26 november!

Gamlegymnaset’s vener vil også i år ha julemarknad på Gamlegymaset i Volda til inntekt for arbeidet med hus og hage. Adresse Engesetvegen 30. Det vert helga 25. og 26.nov. 2017 frå kl. 12:00-16:00 begge dagar. I år vert det matsal på to rom i 1.høgda. Vi vil ha tombola av ting som utstillarane har gjeve, og vi i nemnda vil også skaffe vinstar slik at der blir lodda ut ca. 100 fine ting.
Desse stiller ut og sel varene sine:
Birgit Berg, Signe Bakke Egset, Katharina Teige Førde, Lena Grevsnes, Arne Ola Grimstad, Astri Hunnes, Elin Grete Haddal, Wenche Haddal, Kirsti Indresøvde, Juv, Mari-Anne / Ingrid Kalvatn, Nina Måseidvåg, Anne Kalvatsvik, Sissel Midtlid, Solrunn Osdal, Svein Snipsøyr, Berit Leite Synnes, Marit Hunnes Solhaug, Robert Steinnes, Siw Styve, Bente Natalie Søvik, Per Erling Parr Sætre, Kari Hunnes Stavseng, Annlaug Stokke, Jon Olav Torkildsen. Truleg vert her tre-fire fleire deltakarar mellom utstillarane.

Velkomen til ei stemningsfull helg på Gamlegymnaset!

20161119_155137

Velkomen til julemarknad 19. og 20. november 2016

Venegruppa arrangerer stor julemarknad til inntekt for arbeidet med Gamlegymnaset. Laurdag 19. november og søndag 20. november i tidsromet 12.00-17.00 begge dagar, vil over 30 utstillarar selje flotte handverk og lokalprodusert mat, m.m. Her vert kafé, og elles høve til å sjå seg litt kring i huset. Vi ber tilreisande med bil om å bruke Idrettsplassen ved Volda vidaregåande skule til parkering.
Deltakarar: Aasentunet, Anne Kalvatsvik, Anne Lise Årseth, Annlaug Stokke, Astri Hunnes, Bente Natalie Søvik, Birgit Berg, Bjørg Flø, Britt Håskjold, Dina Kolås, Gerd Gryti Meek, Ingeborg Rørvik Lejon, Ingjerd Traavik, Ingrid Lindstad Hildre, Jorunn Holm, Karen Brænne, Katharina Teige Førde, Kirsti Indresøvde, Lena Grevsnes, Mari-Anne Kalvatn, Mathis Nango, Merete Leira Hjelle, Ole Jørgen Mork, Per Erling Parr Sætre, Robert Steinnes, Signe B. Egset, Sissel Midtlid, Solrunn Osdal, Thomas B. Larsen, Tjalve Sørheim, Wendi og Jostein Stråbø.

Dugnad 29. oktober 2016

I arbeidet med å førebu den store julemarknaden helga 19. og 20. november, må bygningen ryddast og gjerast klar. Om lag 15 deltakarar stilte opp med sterke hender og ivrig innsats, og styret for Gamlegymnaset er svært takksame for all god hjelp. Vi takkar også Retura Søre Sunnmøre AS for støtta, og gratis leige av konteiner.img_0395

Då skulen vende tilbake i skulen

Seksjonen for Formgiving, kunst og handverk ved Avdeling for Kulturfag ved Høgskulen i Volda, leigde i juni Gamlegymnaset for gjennomføring av eksamen. Den vakre eksamensutstillinga sette preg på heile bygningen. Sjå også glimt frå utstillinga her

Glimt frå kursa i vindusrestaurering og linoljemåling, våren 2016

Vonaleg fekk dei 27 deltakarane ny motivasjon til å gå laus på eigne vedlikehaldsprosjekt etter å ha teke del på kurs i restaurering av gamle vindauge med Byggtrad ved Robert Steinnes og Kåre Løvoll, og i linoljemåling med målarmeister Kjell Arne Årsteh. Den gode oppslutninga gjer at stiftinga for Gamlgymnaset gjerne vil halde fram med å arrangere nye kurs i gamle vedlikehaldsteknikkar i samarbeid med Fortidsminneforeningen.