formidling

Formidling
Trebygningen på Engeset har vore skulebygning frå 1891 til 1963, og vi ønskjer å forvalte denne historia. Vi finn ei rekkje publikasjonar – bøker, artiklar, elevminner og anna minnestoff i lokalhistoriske årsskrift –  som dokumenterer historia til ´Volda Millomskule- og Gymnasium´. I samarbeid med skulane og musea i lokalsamfunnet vil vi utvikle ei skulehistorisk samling og eit dokumentasjonssenter for utdanningshistorier lokalt, regionalt og nasjonalt.

Gudleiv Forr er mellom dei som har understreka historia til landsgymnasa som viktige i bygginga av nasjonen, for motkulturelle straumdrag og det tydelege demokratiske perspektivet som låg i å sikre bygdeungdom utdanningstilbod på lik linje med byungdomen:

Landsgymnasa var eit viktig skule- og kulturpolitisk element i nasjonsbygginga i Noreg. Ved å problematisere og justere den skeive sosiale og geografiske rekrutteringa til utdanningseliten medverka landsgymnaset til å endre premissane for kven som hadde rett til å definere «det norske».

Før lovendringa om landsgymnaset kom i 1914, var middelskuleeksamen eit nødvendig opptakskrav til gymnasa. Slike skular fanst stort sett i byane, noko som gjorde vegen til eksamen artium kostesam og tungvint for landsungdom. Landsgymnasa gjorde det mogleg å ta gymnaset på fire år, bygd på 7-årig folkeskule, ein kortvarig framhaldsskule og ei opptaksprøve.

Det første statlege landsgymnaset opna på Voss i 1916, deretter kom Eidsvoll og Hornnes i 1922. Før krigen vart det skipa fleire private landsgymnas: Volda (1910), Firda (1922), Orkdal (1923), Rogaland, seinare Bryne (1924) og Steinkjer (1932). Alle dei fem private landsgymnasa vart statlege etter krigen. Fire nye landsgymnas vart skipa i 1940-åra: Vinstra (1946), Finnfjordbotn (1946), Bø i Telemark (1947/54) og Alta (1948).

Trongen for 4-årige gymnas vart mindre med den sterke utbygginga av realskular i etterkrigstida. Realskulen avløyste middelskulen, og det normale løpet vart etter kvart 7-årig folkeskule, 2- eller 3-årig realskule og 3-årig gymnas. Då alle dei tolv landsgymnasa vart fylkeskommunale i 1964, var ordninga såleis gått ut på dato. Hornnes heldt fram lengst, heilt til 1975.

Kjelde: Forr, Gudleiv og Helge Vold (2007): Landsgymnaset. Oslo: Samlaget