Då skulen vende tilbake i skulen

Seksjonen for Formgiving, kunst og handverk ved Avdeling for Kulturfag ved Høgskulen i Volda, leigde i juni Gamlegymnaset for gjennomføring av eksamen. Den vakre eksamensutstillinga sette preg på heile bygningen. Sjå også glimt frå utstillinga her

Glimt frå kursa i vindusrestaurering og linoljemåling, våren 2016

Vonaleg fekk dei 27 deltakarane ny motivasjon til å gå laus på eigne vedlikehaldsprosjekt etter å ha teke del på kurs i restaurering av gamle vindauge med Byggtrad ved Robert Steinnes og Kåre Løvoll, og i linoljemåling med målarmeister Kjell Arne Årsteh. Den gode oppslutninga gjer at stiftinga for Gamlgymnaset gjerne vil halde fram med å arrangere nye kurs i gamle vedlikehaldsteknikkar i samarbeid med Fortidsminneforeningen.

Invitasjon til kurs i restaurering av vindauge og arbeid med linoljemaling

I samarbeid med Fortidsminneforeningen Sunnmøre lokallag vil stiftinga Gamlegymnaset i Volda arrangere kurs i vindusrestaurering og linoljemaling. (Etter same malen frå kurset i Ålesund i haust.)

FM_logo_lokallag_Sunnmøre_pos

Stad: Gamlegymnaset i Volda.

Laurdag 30. april, kurs i vindusrestaurering kl. 09.30-15.00.

Laurdag 21. mai, kurs i linoljemaling kl. 09.30-15.00.

Kurset er gratis for medlemmer av Fortidsminneforeningen og venegruppa til stiftinga Gamlegymnaset, og kostar kr. 250, – per dag for ikkje-medlemmer.

Påmelding via e-post: gamlegymnaset@gmail.com

Fylkeskulturutvalet med gledeleg nyheit

DSC_0881

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fekk synfaring i Gamlegymnaset i går, og utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter kunne orientere om vedtak i utvalet om å løyve kr. 140.000, – i tilskot til prosjekt istandsetting av vindauge i Gamlegymnaset.  Dei fylkeskommunale tilskota går til kulturminne og kulturmiljø med høg verdi. Styret for stiftinga for Gamlegymnaset tenkjer dette er ei flott anerkjenning av arbeidet vårt!

Venegruppe

Vennegruppe

Vi har oppretta ei venegruppe for arbeidet med Gamlegymnaset.
Medlemskontingenten pr. år er kroner 300, -. Du kan melde deg inn her på heimesida. Dei som melder seg vil få krav om kontingent for 2016. Pengane vi får inn går til betaling av straum, forsikring, kommunale avgifter og andre driftsutgifter. Vi håper at mange vil støtte opp om dette prosjektet, og melder seg inn i venegruppa!

Omlegging til skifertak

Renovering i gong
Tett tak sikrar framtida for bygningen! Inge Kolås AS har starta arbeidet med å fjerne eternittplatene som bygningen vart tekt med på 1960-talet, og no vert taket tekt med skifer. Neste skritt er å få på plass arkene på nedsida av bygget.

´Trønderen´

Uthuset som tidlegare romma utedoen fekk nemninga ´Trønderen´på folkemunne. På taket ser vi den gamle skuleklokka. Bygningen er i dag eit nybygg, og arbeidet er utført av Volda kommune og Styrk.