Fylkeskulturutvalet med gledeleg nyheit
Kultur- og helseutvalet i Møre og Romsdal fekk synfaring i Gamlegymnaset i går, og utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter orienterte om at utvalet i møte same dag hadde vedteke tilskot til prosjekt istandsetting av vindauge i Gamlegymnaset. Støtta kjem som eit resultat av søknad om fylkeskommunale tilskot til kulturminne av høg verdi, og den totale budsjettramma for 2016 var på ein million kroner.